top of page
DTK_vedvik_presse.jpg

Dei to Karnaljane

Trekkspel, håp og kjærleik

instagram follow button

No bookar vi 2027

- ta gjerne kontakt!
post@lisaoglunden.no

Demoar:

Sundagsmorgon i hamn
Husdråpa
Iz9SNvvw.jpeg

Den keltiske Sande
- viseframsyning

Her går mørk humor, spit og vemod hand i hand i tonar som luktar av både irske pubar og vestnorske fjordbygder.​​

Jakob Sande blir gjerne omtala som ein vestnorsk diktar, men i tekstane hans finn vi også den same blandinga av humor, sjølvironi og vemod som har prega den keltiske forteljartradisjonen gjennom generasjonar.

​

Med Den keltiske Sande løfter Dei To Karnaljane fram denne koplinga. Prosjektet byggjer vidare på tradisjonen med tonesette Sande-dikt, samstundes som duoen opnar for eit musikalsk landskap der vestnorske folketonar møter impulsar frå Irland og Skottland.​

​Vestlandskysten er vend mot havet. Sjøfolk, fiskarar og handelsfolk reiste mellom hamner og bygder, og med dei følgde melodiar, forteljingar og songar. Mellom desse finn vi også shantyane, arbeidssongane frå dekk og hamn, med rytmar som framleis kling att på begge sider av Nordsjøen.

​

Når Ronny Nymark Johannessen på trekkspel og Halvard Husefest Lunde på gitar tolkar Sande, blir slektskapet tydeleg; mellom Sunnfjord og dei keltiske kystane, mellom det folkelege og det poetiske, mellom latteren og alvoret.

Dei_to_Karnaljane_foto.jpg
jul2.png

Julekarnaljar

Ei stemningsfull og leikande juleframsyning med musikk, forteljing og glimt i auga.
Her møtest det høgtidelege - og eit skråblikk. Perfekt for førjulskveldar som treng både ro og latter.

Julelåt av Dei To Karnaljane: På Trappa Utanfor

spotify.png
Karane bak karnaljane
Dei To Karnaljane er Ronny Nymark Johannessen på trekkspel og Halvard Husefest Lunde på gitar. Begge syng, komponerer og har ei viss glede av å fortelje historier som ikkje alltid endar godt. Med røter i vestnorsk visetradisjon, keltisk folkemusikk og ei god blanding av alvor og skjemt, lagar dei musikk der mørk humor og vemod gjerne går hand i hand. Her kan ei lystig vise vise seg å handle om noko ganske sørgjeleg, og det gravalvorlege kan få eit skeivt smil. Resultatet er trekkspel, gitar, to stemmer og historier som fortener å bli fortalde. 
Det er ikkje alltid pent. Men det er sjeldan tilfeldig.
Kontakt: post@lisaoglunden.no
eller ring Leni på mobil 99381404
bottom of page